Ungdomsmidlar

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250 000 kr, fordelt på to gonger i året til tiltak for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til tiltak som skaper engasjement og skal gå til aktivitetar for ungdom i fylket.

Kven kan søke?

Målgruppa for tilskotsordninga er ungdom i Møre og Romsdal som ikkje mottek anna støtte frå fylkeskommunen. Ungdomsmidlane skal gå til tiltak for ungdom mellom 13 – 19 år.

Søknad

Send søknad her

Kva for tiltak kan få midlar?

  • Tiltak som samlar ungdom
  • Er ope for fleire

Eksempel på kva du kan søke om er:

  • Diverse utstyr til aktivitet for ungdom
  • Pengar til arrangement

Vanlegvis blir det betalt ut tilskot mellom 5 000 kr og 15 000 kr.


Prosjektstøtte til allmennkultur og idrett

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer institusjonar, frivillige lag og organisasjonar til å søke om prosjektstøtte til allmennkultur og idrett. Målet med ordninga er å støtte initiativ som fremmer kultur- og idrettsopplevingar av høg kvalitet for innbyggarane i fylket vårt.

Gjennom ordninga vil vi stimulere meiningsfulle prosjekt som berikar både kulturliv, idrettsmiljø og frivilligheita. Enten du representerer ein institusjon, eit frivillig lag eller ein organisasjon, oppfordrar vi deg til å søke om støtte og være med på å forme kulturtilbodet i Møre og Romsdal.

Denne ordninga var ny i 2024 og er slått saman av dei tre ordningane:

  • eittårig driftstilskot
  • prosjekttilskot frivillig verksemd
  • større idrettsarrangement

Desse ordningane har altså gått ut og kan ikkje lenger søkast på.

Kva kan du søke støtte til?

Det gis tilskot til prosjekter innan allmennkultur og idrett som er av regional interesse og verdi for eit større geografisk område, utover det lokale.

Du kan få støtte til å prøve ut nye prosjekt som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, f.eks. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.

Størrelse på tilskot vurderast i forhold til budsjett for kvart prosjekt og i forhold til tilgjengelege midlar.

Når søknaden din gjeld eit idrettsarrangement

I denne ordninga kan du søke støtte til større idrettsarrangement. Med «større idrettsarrangement» meiner vi meisterskap, cup eller stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Senior- og juniormeisterskap vil bli prioritert over andre meisterskap, f.eks. veteranmeisterskap.

Viss det er knappleik på midlar, vil vi prioritere idrettar og idrettslag som ikkje har fått støtte frå fylkeskommunen tidlegare.

Les dei fullstendige retningslinjene for prosjektstøtte til allmennkultur og idrett (PDF, 137 kB).

Kven kan søke om støtte?

  • Institusjonar
  • Frivillige lag
  • Organisasjonar

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til at det skapast prosjekt innan allmennkultur og idrett av høg kvalitet som kjem kulturliv, idrettsliv, frivillige og innbyggarar i Møre og Romsdal til gode.

Søknadsfrist

Ordninga har to søknadsfristar kvart år, 1. april og 1. november. Når ordninga er open kan du sende inn søknaden din via lenka under. Skjema opner for nye søknadar seks veker før fristen. I perioden kor skjema er stengt vil du få beskjed om at skjema er utilgjengeleg.

Merk! For søknadar til fristen 1. november må prosjektet gjennomførast i perioden 1. januar til 30. juni. Søknadar levert til fristen 1. april må gjennomførast i perioden 1. juli til 31. desember.

Send inn din søknad


Regionale kulturfond – Kunst- og kulturutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer eit breitt spekter av aktørar til å søke støtte til større kunst- og kulturprosjekt. Prosjekta skal bidra til eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket. Regionale kulturfond er finansiert over statsbudsjettet.
Gjennom tilskotsordninga vil vi støtte større kunst-, kultur– og kulturmiljøprosjekt som bidreg til eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i hele fylket. Prosjekta skal bidra til innovasjon i kultursektoren og gi tydelege effektar, for eksempel i form av nye samarbeid, nye kulturtilbod, kunstnarisk utvikling, meir aktivitet og auka deltaking. Minst 600 000 kroner er øyremerka prosjekt der mangfald er hovudfokus og har barn og unge som målgruppe.

Merk at det finnes to ulike ordningar innanfor regionale kulturfond som de kan søke. I tillegg til denne, er det også Arrangement, kompetanseheving og nettverksbygging. Dobbeltsjekk at du har valt riktig før du sender inn søknaden din.

Les dei fullstendige retningslinjene for denne ordninga (PDF, 137 kB).

Kva kan du søke støtte til?

Større kunst, kultur- og kulturmiljøprosjekt som styrkar kulturlivet og bidreg til samarbeid på tvers av samfunnsmandat, fag, uttrykk og profesjonar.

Prosjekta skal:

  • Realiserast i partnarskap, gjerne i samarbeid mellom offentlege eller private organisasjonar, institusjonar og private aktørar
  • Ha direkte relevans til fylkeskommunen sine satsingar og strategiar, og bidra til å nå måla i kommunen sine eigne planverk og i planverket til fylkeskommunen.
    - Fylkesplan 2025–2028
    - Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer 2022–2025
  • Resultere i noko kvalitativt nytt, for eksempel i nye tilbod, uttrykksform, samarbeidsform eller andre effektar
  • Gi resultat som er tilgjengeleg for ei brei målgruppe eller eit breitt publikum

Alle som søker tilskot til kunst- og kulturutvikling blir oppfordra til å kontakte fylkeskommunen i god tid før innsending av søknad, gjerne ein månad før søknadsfrist. Dette fordi at fylkeskommunen skal kunne rettleie og bidra til å kvalitetssikre prosjektet sitt innhald, partnarskap og budsjett, sett opp mot formålet med ordninga. Tilskot blir gitt for eit år, men prosjektet kan vare inntil tre år. Søkar kan få støtte til forprosjekt og/eller hovudprosjekt. Under føresetnad om vidare tildeling til regionale kulturfond over statsbudsjettet, er det er mogleg å søke om støtte til same prosjekt fleire gonger.

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

  • Aktivitetar som hovudsakeleg inneber idrett eller friluftsliv
  • Kausjon eller annan økonomisk garanti
  • Investeringar i tilskotsmottakar sin eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Rein produksjonsstøtte eller arbeidsstipend
  • Ordinær drift
  • Næringsutvikling
  • Prosjekt som dekkast av Den kulturelle skolesekken sitt ansvarsområde
  • Prosjekt som er gjennomført eller starta opp før søknadsfristen
  • Politisk verksemd. Det betyr at politiske parti, ungdomspolitiske parti eller fagforbund ikkje kan søke

Kven kan søke om støtte?

  • Kunst- og kulturinstitusjonar
  • Profesjonelle kunstnarar og kunstnarfellesskap
  • Små verksemder innan

    *

  • Frivillige lag og foreiningar og paraplyorganisasjonar med ein tydeleg kunst-, kultur og/eller kulturmiljøprofil
  • Kommunar som er tilretteleggjar for større samarbeid

Søkarar må vere registrert i Enhetsregisteret og ha si hovudverksemd i Møre og Romsdal.

Formål

Formålet med desse midlane er at dei skal bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i hele landet. Tilskotsmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.

Frå «Forskrift om Regionale kulturfond»

Søknadsfrist

Ordninga opnar for nye søknadar fredag 20. april og har søknadsfrist 1. mai 2026 kl. 23.59.

Send inn din søknad


Send tilbakemelding

Dette kontaktskjemaet er bare tilgjengelig for innloggede brukere.



Privacy Preference Center