Driftstilskot til lag, organisasjonar og institusjonar innan kultur

Fylkeskommunen gir driftstilskot til organisasjonar i fylket med eit tydeleg formål innan kunst, kultur, idrett eller friluftsliv. Organisasjonane skal ha ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi. Neste søknadsfrist for driftstilskot er 1. november 2026.

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til å støtte drift av organisasjonar i Møre og Romsdal med eit tydeleg formål innan kunst, kultur, idrett eller friluftsliv. Organisasjonane skal ha ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi.

Kven kan søke om støtte?

Lag, organisasjonar og institusjonar med eit tydeleg formål innan kunst, kultur, idrett eller friluftsliv med ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi.

Kva kan du søke støtte til?

Støtte til faste driftsutgifter og/eller forpliktingar som for eksempel lokalar og lønn til tilsette.

Les dei fullstendige retningslinjene for driftstilskot (PDF, 90 kB).

Søknadsfrist

Ordninga opnar for nye søknadar 20. september 2026 og neste søknadsfrist for driftstilskot er 1. november 2026.


MRFylke: Fylkeskulturprisen

Kjenner du, eller veit du om nokon, som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngiving


Prosjektstøtte til allmennkultur og idrett

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer institusjonar, frivillige lag og organisasjonar til å søke om prosjektstøtte til allmennkultur og idrett. Målet med ordninga er å støtte initiativ som fremmer kultur- og idrettsopplevingar av høg kvalitet for innbyggarane i fylket vårt.
Gjennom ordninga vil vi stimulere meiningsfulle prosjekt som berikar både kulturliv, idrettsmiljø og frivilligheita. Enten du representerer ein institusjon, eit frivillig lag eller ein organisasjon, oppfordrar vi deg til å søke om støtte og være med på å forme kulturtilbodet i Møre og Romsdal.Denne ordninga var ny i 2024 og er slått saman av dei tre ordningane:

  • eittårig driftstilskot
  • prosjekttilskot frivillig verksemd
  • større idrettsarrangement

Desse ordningane har altså gått ut og kan ikkje lenger søkast på.

Kva kan du søke støtte til?

Det gis tilskot til prosjekter innan allmennkultur og idrett som er av regional interesse og verdi for eit større geografisk område, utover det lokale.

Du kan få støtte til å prøve ut nye prosjekt som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, f.eks. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.

Størrelse på tilskot vurderast i forhold til budsjett for kvart prosjekt og i forhold til tilgjengelege midlar.

Når søknaden din gjeld eit idrettsarrangement

I denne ordninga kan du søke støtte til større idrettsarrangement. Med «større idrettsarrangement» meiner vi meisterskap, cup eller stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Senior- og juniormeisterskap vil bli prioritert over andre meisterskap, f.eks. veteranmeisterskap.

Viss det er knappleik på midlar, vil vi prioritere idrettar og idrettslag som ikkje har fått støtte frå fylkeskommunen tidlegare.

Les dei fullstendige retningslinjene for prosjektstøtte til allmennkultur og idrett (PDF, 137 kB).

Kven kan søke om støtte?

  • Institusjonar
  • Frivillige lag
  • Organisasjonar

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til at det skapast prosjekt innan allmennkultur og idrett av høg kvalitet som kjem kulturliv, idrettsliv, frivillige og innbyggarar i Møre og Romsdal til gode.

Søknadsfrist

Ordninga har to søknadsfristar kvart år, 1. april og 1. november. Når ordninga er open kan du sende inn søknaden din via lenka under. Skjema opner for nye søknadar seks veker før fristen. I perioden kor skjema er stengt vil du få beskjed om at skjema er utilgjengeleg.

Merk! For søknadar til fristen 1. november må prosjektet gjennomførast i perioden 1. januar til 30. juni. Søknadar levert til fristen 1. april må gjennomførast i perioden 1. juli til 31. desember.

Send inn din søknad


Sparebankstiftelsen Nordvest

Nå er det mulighet for å søke støtte fra Sparebankstiftelsen Nordvest. Vi støtter kultur og kunst, idretts- og friluftsliv/naturkunnskap, steds- og samfunnsutvikling, annet frivillig arbeid og næringsutvikling, kompetansebygging og entreprenørskap.

Neste søknadsfrist er 15.09.2026. Hvis spørsmål - ring 913 23 360 / e-post: post@sparebankstiftelsen-nordvest.no.

Søknadstips

  • Ikke vent til siste dag med å sende inn søknaden
  • Sjekk kriteriene for tildeling på forhånd. Se gavepolicy på vår hjemmeside under "om oss"
  • Skriv kortfattet og poengtert om prosjektet du søker støtte til
  • Beskriv så godt som mulig HVORFOR prosjektet anses viktig og forventninger til POSITIVE EFFEKTER av det
  • Lag et realistisk budsjett
  • Legg ved en tydelig finansieringsplan
  • Ikke last inn samme vedlegg flere steder

Områder

  • Kultur og kunst
  • Idretts- og friluftsliv/naturkunnskap
  • Steds- og samfunnsutvikling, herunder oppvekst-/nærmiljø
  • Annet frivillig arbeid
  • Næringsutvikling, kompetansebygging og entreprenørskap

Ditt prosjekt må ha tilhørighet i en eller flere av følgende kommuner.

- Aure (Tustna)

- Averøy

- Gjemnes

- Heim (Halsa)

- Hustadvika (Eide)

- Kristiansund

- Smøla

- Tingvoll (Straumsnes)

Hvem er søkeren?

Sparebankstiftelsen Nordvest gir støtte til allmennyttige formål og ønsker søknader fra organisasjoner, lag og foreninger som er registrert i Frivillighets-registeret/Enhetsregisteret i Brønnøysund. Vi støtter tiltak som skaper vekst og utvikling, gir verdi over tid og bidrar til et aktivt samfunn og nærmiljø. Dersom flere av følgende alternativ passer kan du søke støtte.

- Organisasjon, lag eller forening

- Skole, barnehage eller FAU

- Offentlig sektor

- Næringsklynger/bedriftsnettverk

Vi gir ikke støtte til prosjekter som har privat gevinst som mål.

Hva skal pengene brukes til?

Sparebankstiftelsen Nordvest støtter tiltak som har verdi over tid, som bidrar til et aktivt samfunn og nærmiljø, som er allmennyttig og skaper engasjement og vekst.

(Engangsutgifter og løpende utgifter til drift dekkes desverre ikke.)

Prosjekter med budsjett støtter vi.

NB. Vi gir ikke støtte til tiltak som allerede er gjennomført.

Du må være registrert i Frivillighetsregisteret for å søke støtte hos oss.


Ungdomsmidlar

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250 000 kr, fordelt på to gonger i året til tiltak for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til tiltak som skaper engasjement og skal gå til aktivitetar for ungdom i fylket.

Kven kan søke?

Målgruppa for tilskotsordninga er ungdom i Møre og Romsdal som ikkje mottek anna støtte frå fylkeskommunen. Ungdomsmidlane skal gå til tiltak for ungdom mellom 13 – 19 år.

Søknad

Send søknad her

Kva for tiltak kan få midlar?

  • Tiltak som samlar ungdom
  • Er ope for fleire

Eksempel på kva du kan søke om er:

  • Diverse utstyr til aktivitet for ungdom
  • Pengar til arrangement

Vanlegvis blir det betalt ut tilskot mellom 5 000 kr og 15 000 kr.


Send tilbakemelding

Dette kontaktskjemaet er bare tilgjengelig for innloggede brukere.



Privacy Preference Center