Nye norske teikneseriar – innkjøpsordning
Formålet med ordninga er å sørgje for at nye norske teikneseriar av høg kvalitet blir skapte, gitt ut, spreidde og lesne.
Du kan lese meir om satsingane til Kulturrådet i strategien og områdeplanen for litteratur.
Kva for teikneseriar kan kjøpast inn?
Teikneseriane må vere nye norske teikneseriar med barn og unge eller vaksne som målgruppe.
Med teikneseriar meiner vi fysiske publikasjonar der teikningar eller andre visuelle element i sekvens formidlar ei historie eller anna innhald. Teikneseriesekvensar skal vere det berande elementet. Einrutarar er omfatta av ordninga.
Teikneserien må anten vere
- skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
- omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
- omsett til norsk frå eit anna språk – dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare
- tekstlaus, men at serieskaparen/-skaparen har hovudvirke i Noreg
Med ny meiner vi at teikneserien blir gitt ut som eit originalverk i søknadsåret. Antologiar og samleutgivingar kan ha innhald som er publisert tidlegare, men sjølve teikneserien skal stå fram som eit nytt verk. Dersom serieskaparen er død, kan de søkje i inntil fem år etter at serieskaparen gjekk bort. Er teikneserien omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer.
Teikneserien skal stå fram som eit heilskapleg litterært verk. Dette gjeld også for samleutgivingar.
Det er utgivingstidspunktet som avgjer kva for ein søknadsfrist som gjeld:
| Utgivingsdatoen for teikneserien | Frist for å melde teikneserien på ordninga |
|---|---|
| 1. januar - 30. juni | ca. 2. mars og ca. 2. juni |
| 1. juli - 31. desember | ca. 2. september og ca 2. desember |
Kven kan søkje?
Utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkje på denne ordninga.
Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar
Ein serieskapar kan vanlegvis berre få éin teikneserie for barn og unge og éin teikneserie for vaksne kjøpt inn per kalenderår. Det er vurderingsutvalet som slår fast kva målgruppe teikneserien har, uavhengig av kva kategori utgivaren har plassert han i.
Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?
Søknaden blir behandla av vurderingsutvalet for teikneseriar.
I vurderinga legg utvalet mellom anna vekt på om teikneserien
- står fram som eit heilskapleg verk
- har god nok kunstnarleg, språkleg og handverksmessig kvalitet
- har gått gjennom nødvendig redaksjonelt arbeid
Utvalet brukar den samla kunst- og kulturfaglege kompetansen sin til å avgjere kva for teikneseriar som skal kjøpast inn i den aktuelle søknadsrunden.
I tillegg til å vurdere kvaliteten på teikneseriane skal utvalet prioritere innanfor ei budsjettramme. Det vil seie at kor mange titlar som kan kjøpast inn, kjem an på det årlege budsjettet og korleis utvalet vurderer kvar enkelt tittel.
Eit avslag blir ikkje grunngitt utover at teikneserien ikkje er prioritert innanfor budsjettramma.
Meir om utvalet som vurderer søknaden
Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i vurderingsutvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen. Vurderingsutvalet skal ha minst tre medlemmer og representere ei breidd i kunnskap om teikneseriefeltet. Utvalet kan hente inn faglege konsulentfråsegner, til dømes når utgivingar som er omsette frå samisk, skal vurderast.
Vurderingsutvalet har fått delegert vedtaksmynde frå Kulturrådet. Når utvalet har vurdert teikneseriane, legg dei fram vedtaka for Kulturrådet til orientering. Utvalet kan på eige initiativ ta opp att teikneseriar til ny behandling.
Når eit nytt vurderingsutval skal oppnemnast, vil relevante organisasjonar og foreiningar på litteraturområdet bli bedne om å komme med innspel og forslag til utvalsmedlemmer.
Norsk-Finsk Kulturfond
Fondet har en søknadsperiode per år: – 1-28/29. februar.
Neste søknadsperiode starter 1. februar 2026, og varer til 28. februar 2026. Fristen gjelder for prosjekter under perioden mai 2026 – juni 2027.
Søknader skal skrives på et søknadsskjema og sendes digitalt.
Hva skal søknaden inneholde:
- Formålet med det bilaterale bidraget
- Tidspunkt
- Samarbeidspartnere
- Tentativt program, arbeidsplan, prosjektplan eller tilsvarende
- Om mulig skal det oppgis en spesifikk kontaktperson for aktiviteten
- Dersom søkeren er en privatperson, skal søknaden vedlegges en CV
- Dersom søkeren er en forening, organisasjon, institusjon eller tilsvarende, bør det legges ved en kort presentasjon av søkeren (hvor lenge har den eksistert, hva er hovedaktivitetene, eksempler på andre prosjekter som er gjennomført, etc.)
- Referanser
Når får du svar?
For søknadsdato 28./29. februar vil styret fatte vedtak i april, men vær oppmerksom på at aktiviteten som søknaden gjelder ikke må være påbegynt før styret har fattet sitt vedtak.
Når skal tilskuddet brukes?
Tilskuddet fra fondet skal brukes i perioden fra mai i det kalenderåret tilskuddet er tildelt til juni året etter.
Ny norsk skjønnlitteratur for vaksne – selektiv innkjøpsordning
Formålet med ordninga er å sørgje for at ny norsk skjønnlitteratur for vaksne blir skapt, gitt ut, spreidd og lesen. Innkjøpsordninga skal leggje til rette for at mindre utgivarar som gir ut færre titlar kvart år, kan få titlane sine vurderte og kjøpte inn til biblioteka. Slik kan dei bidra til det litterære mangfaldet.
Kva for bøker kan kjøpast inn?
Boka må vere ny norsk skjønnlitteratur for vaksne.
Med skjønnlitteratur meiner vi romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, dramatikk, dramatikk i bunden form og biletbøker. Vi reknar også faktabaserte og faglege bøker som skjønnlitteratur dersom dei har eit tilstrekkeleg diktarleg preg.
Boka må anten vere
- skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
- omsett til norsk frå samisk, eit nasjonalt minoritetsspråk eller eit anna språk eller
- omsett til norsk frå eit anna språk dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare, eller
- ei gjendikting av lyrikk til norsk
Med ny meiner vi at boka kjem ut som originalverk same år som de søkjer. For dikt- og novellesamlingar kan opptil halvparten av innhaldet vere publisert før, men boka må stå fram som eit nytt, heilskapleg verk. Er boka omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer. Dersom forfattaren av boka er død, kan de søkje i inntil fem år etter at forfattaren gjekk bort.
Frist for å melde på bøker
Fristen for å melde ei bok på ordninga er avhengig av utgivingsdatoen:
| Utgivingsdatoen for boka | First for å melde boka på ordninga |
|---|---|
| 1. januar - 30. juni | 15. februar |
| 1. juli - 31. desember | 15. august |
Kven kan søkje?
Ordninga rettar seg mot mindre utgivarar av ny norsk skjønnlitteratur. Utgivaren må ha norsk organisasjonsnummer.
De kan melda på inntil tre titlar per søknadsfrist. Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår.
For bøker omsett frå samisk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) til norsk, gjeld ikkje påmeldingskvoten på inntil tre titlar per søknadsfrist.
Det er viktig at de som utgivar har inngått ein avtale med forfattaren og eventuelle andre opphavspersonar (som illustratørar og gjendiktarar) før de søkjer.
Vi føreset at de gir ut boka uavhengig av om Kulturrådet vedtek å kjøpe henne inn eller ikkje.
Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar
Hugs at ein forfattar vanlegvis berre kan ha éi bok for vaksne og éi bok for barn og unge meldt på innkjøpsordningane for skjønnlitteratur kvart kalenderår. Dette blir kalla «einbokregelen».
Einbokregelen gjeld for denne ordninga og den automatiske innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne under eitt. Det vil seie at forfattaren ikkje kan ha meir enn éi bok som er påmeld til innkjøpsordningane for skjønnlitteratur for vaksne same år.
De kan søkje om dispensasjon frå einbokregelen på vegner av forfattaren. Det må de gjere før den første boka kjem ut. Søknaden må grunngivast.
Møteplasser og kulturarenaer for romanifolket/taterne
Tilskudd til forprosjekter og utvikling av infrastruktur og innhold som bevarer, utvikler og synliggjør romanifolket/taternes kultur, språk og historie.
Formålet med ordningen er å bevare, utvikle og synliggjøre romanifolket/taternes kultur, språk og historie.
Hva kan få tilskudd?
Du kan søke om tilskudd til prosjekter som har til formål å etablere en kulturarena eller møteplass for romanifolk/tatere og andre interesserte.
Prosjektene kan være knyttet til faste eller mobile arenaer.
Du kan søke om tilskudd til to typer prosjekter:
- forprosjekter
- prosjekter for å utvikle innhold og fysisk infrastruktur
Les mer om prosjekttypene nedenfor.
Forprosjekt
I et forprosjekt kan du planlegge prosjektet før det begynner for alvor.
Du kan for eksempel søke om tilskudd til å planlegge organiseringen:
- juridisk eieform
- mulige samarbeidspartnere
- mulige plasseringer
- framtidig ressursbehov og organisering
- muligheter for samlokalisering med andre aktører
Eller du kan søke om tilskudd til å planlegge driften:
- hvordan møteplassen skal driftes
- mulige finansieringskilder
- planer for framtidige egeninntekter (utleie, salg og billettering)
- kostnader knyttet til ombygging eller oppgradering av lokaler eller bygg
- behovsanalyse knyttet til bygg, fysisk infrastruktur og uteareal
- kostnadsanalyse knyttet til bygg, fysisk infrastruktur og uteareal
- avklaring av reguleringsbestemmelser i nærområdet
- avklaring av honorar til arkitekt og andre fagpersoner
Du kan også søke om tilskudd til å planlegge innhold og aktiviteter:
- hvordan møteplassen skal brukes
- hvilke funksjoner møteplassen skal ha
- hva arealene skal brukes til
- hvilke kulturaktiviteter som skal foregå på arenaen
Forprosjektet bør være gjennomført i løpet av ett år. Hvis det blir behov for å bruke mer tid, må du søke om godkjenning fra Kulturdirektoratet.
Du kan søke om inntil 300 000 kroner til et forprosjekt.
Utvikle infrastruktur og innhold
Utviklingstilskuddet er ment som et tilskudd til å etablere den fysiske møteplassen og til å utvikle innholdet og de faste aktivitetene.
Du kan søke om tilskudd til infrastruktur:
- nybygg
- ombygging eller oppgradering av eksisterende lokaler og infrastruktur, tekniske fasiliteter m.m.
- lønnskostnader til administrasjon
- innleie av fagpersoner
- kontorfasiliteter
- andre administrasjons- og driftskostnader i etableringsperioden
Du kan også søke om tilskudd til innhold:
- arrangementer og utstillinger
- veilednings- og rådgivningstilbud
- kurs - og språkaktiviteter
Prosjektet for å utvikle infrastruktur og innhold bør være gjennomført i løpet av to år.
Hva kan ikke få tilskudd?
På denne ordningen gir vi ikke tilskudd til
- utvikling av enkeltpersoners private eiendom og næringsvirksomhet
- ordinær drift etter utviklingsfasen
- generelt vedlikehold av bygg og utstyr
- prosjekter som er i strid med loven om offentlige anskaffelser
- fullfinansiering, kostnadsoverskridelser i byggeprosjekter eller tilleggsbevilgninger til prosjekter som er støttet tidligere
- løst utstyr, møbler o.l.
Vi gir normalt ikke tilskudd til aktiviteter som er gjennomført før søknadsfristen.
Prosjekter som faller utenfor ordningens formål, kan ikke få tilskudd. Hvis søknaden faller utenfor denne ordningen, kan den bli avslått.
Hvem kan søke?
Ordningen retter seg mot søkere som representerer romanifolket/taterne eller har en bred forankring i folkegruppen.
Tilskudd til forprosjekter kan søkes av privatpersoner, institusjoner, organisasjoner og virksomheter med tilknytning til romanifolket/taterne.
Utviklingstilskudd kan søkes av virksomheter som er registrert i enhetsregisteret med en annen organisasjonsform enn enkeltpersonforetak. Utover dette stilles det ingen krav om en bestemt organisasjonsform, men dere kan ikke ta ut utbytte av midler dere har fått i tilskudd.
Søkere som mottar fast årlig statstilskudd, får normalt ikke tilskudd fra denne ordningen.
Ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge – automatisk innkjøpsordning
Innkjøp til folkebibliotek av norsk skjønnlitteratur for barn og unge. Bøkene skal leverast frå søkar når boka blir utgjeven, søknaden om innkjøp blir vurdert i etterkant.
Ordninga skal bidra til at ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge blir skapt, gitt ut, spreidd og lesen. Kulturrådet stiller minstekrav til kvaliteten på bøkene og profesjonaliteten i utgivinga. Til saman skal alle bøkene bidra til stor breidd i norsk litteratur.
Kva er konsekvensane av å melde ei bok på ordninga?
Innkjøpsordninga er automatisk. Det vil seie at dersom de melder ei bok på ordninga, blir ho send til biblioteka på utgivingsdatoen, og Kulturrådet betalar ut forfattarhonoraret og forlagsdelen før søknaden er ferdigbehandla.
Dersom søknaden om innkjøp blir avslått, må de betale tilbake pengane. De må betale tilbake både forlagsdelen og forfattarhonoraret. Forfattaren skal behalde sitt honorar. Bøkene som er sende til biblioteka, blir ikkje returnerte.
Grunnen til at pengane blir betalte ut på førehand og boka blir send til biblioteka før søknaden er ferdigbehandla, er at biblioteka skal få boka på utgivingsdatoen.
Kven kan melde på bøker?
Forlag og andre utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan melde bøker på denne ordninga. Det er ikkje mogleg å melda på bøker på både den automatiske og den selektive innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for same målgruppe innanfor same utgivingsår. Det er viktig at de som utgivar har inngått ein avtale med forfattaren og eventuelle andre opphavspersonar (som illustratørar eller gjendiktarar) før de søkjer.
Kulturrådet kan bestemme at ein utgivar ikkje får melde på bøker i ein periode, dersom dei ikkje har følgt vilkåra for ordninga tidlegare. Det kan til dømes vere at utgivaren ikkje har betalt tilbake pengar innan opplyste fristar.
Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar
Hugs at ein forfattar vanlegvis berre kan ha éi bok for vaksne og éi bok for barn og unge meldt på innkjøpsordningane for skjønnlitteratur kvart kalenderår. Dette blir kalla «einbokregelen».
Einbokregelen gjeld for denne ordninga og den selektive innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge under eitt. Det vil seie at forfattaren ikkje kan ha meir enn éi bok som er påmeld til innkjøpsordningane for skjønnlitteratur for barn og unge same år.
De kan søkje om dispensasjon frå einbokregelen på vegner av forfattaren. Det må de gjere før den første boka kjem ut. Søknaden må grunngivast.
Kva for bøker kan kjøpast inn?
Boka må vere ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge.
Med skjønnlitteratur meiner vi romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, dramatikk og biletbøker. I ordninga reknar vi dramatikk i bunden form som lyrikk. Vi reknar også bøker med hovudsakleg faktabasert og fagleg innhald som skjønnlitteratur dersom dei har eit tilstrekkeleg diktarleg preg. Boka må stå fram som eit heilskapleg skjønnlitterært verk. Det gjeld også biletbøker og andre utgivingar med vesentlege visuelle innslag, og antologiar.
Boka må anten vere
- skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
- omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
- omsett til norsk frå eit anna språk dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare, eller
- ei gjendikting av lyrikk til norsk
Med ny meiner vi at boka kjem ut som originalverk same år som de søkjer. Gjendiktingar av lyrikk til norsk blir rekna som nye litterære verk. Dikt- og novellesamlingar blir rekna som nye dersom under halvparten av innhaldet er trykt tidlegare. Dersom forfattaren av boka er død, kan de søkje i inntil fem år etter at forfattaren gjekk bort. Er boka omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer.
Frist for å melde på bøker
Fristen for å melde ei bok på ordninga er avhengig av utgivingsdatoen:
| Utgivingsdatoen for boka | Frist for å melde boka på ordninga |
|---|---|
| 1. januar - 28. februar | 15. desember |
| 1. mars - 30. april | 15. februar |
| 1. mai - 30. juni | 15. april |
| 1. juli - 31. august | 15. juni |
| 1. september - 31. oktober | 15. august |
| 1. november - 31. desember | 15. oktober |
Dersom utgivinga blir forseinka, må de utsetje påmeldinga og flytte boka til ein seinare påmeldingsrunde.
Reisestipend Tegnerforbundet 2026
Tegnerforbundets reisestipend er pålydende kr. 25.000 og vil bli delt ut på årsmøtet 26. mars, 2026. Stipendet kan bare søkes av Tegnerforbundets medlemmer. Søkere må være á jour med medlemskontingenten og ha vært medlem i minst to år.
Søknadsfrist: 19. februar, kl. 23:59.
Søknad skal inneholde:
• Prosjektbeskrivelse (PDF) som utdyper hva stipendet skal brukes til, faglig formulering av hensikten med og motivasjon for reisen.
• CV (PDF)
• Bilder av tre arbeider (PDF eller JPG)
Prosjektstøtte fra Norsk fotografisk fond
Fondets søknadsfrister er 1. februar og 1. september kl. 13:00
Søknadsportal åpner som regel en måned før søknadsfrist.
Hva kan det søkes støtte til
- Utstillingsstøtte: Støtte til dekning av kostnader i forbindelse med utstillinger i inn- og utland. Bekreftelse fra institusjon skal legges ved.
- Prosjektstøtte: Støtte til utvikling og gjennomføring av nye prosjekter.
- Publikasjonsstøtte: Støtte til utvikling og produksjon av publikasjon. Dummy skal legges ved.
- Annen virksomhet som fremmer norsk samtidsfotografi: Støtte til kuratorvirksomhet, arrangering av foredragsserier, workshops etc. Hovedandelen av tildelinger vil imidlertid normalt fordeles på de tre punktene ovenfor.
Det gis ikke støtte til permanent produksjonsutstyr (eks. pc/mac, kamera osv).
Hvem kan søke om støtte
- Søker må ha gjennomført kunstfaglig utdanning på bachelor- eller høyere nivå, eller må kunne vise til en tilsvarende kunstnerisk praksis.
- Søker må være i aktiv virksomhet som kunstner og bo og/eller virke i Norge.
- Søkers prosjekt må være forankret i fotografi og/eller andre kamerabaserte uttrykksformer.
Alle søkere som tilfredsstiller kriteriene søker på like vilkår.
Hvem kan ikke søke om støtte
- Søknader fra studenter vil ikke bli vurdert, med unntak av sisteårsstudenter som tar høyere utdanning.
- Har du mottatt støtte fra Norsk Fotografisk Fond det siste året, vil ikke din søknad bli tatt i betraktning da karanteneregler teller (1 års karantenetid, det vil si at man står over én søknadsrunde ved innfridd støtte).
- Utstillingsstøtte kan normalt ikke søkes av etablerte institusjoner med eget utstillings- og driftsbudsjett.
Veiledning
Last ned veiledning om hva søknaden skal inneholde HER.
Svar på søknad
Søkere kan forvente svar i løpet av mars for søknadsfristen i februar, og i løpet av oktober for søknadsfristen i september. Ved forsinkelser vil søkere bli informert per mail av sekretariatet.
Etter mottatt støtte
Rapport skal sendes inn ved avslutning av det gjeldende prosjektet. Ny søknad om ny prosjektstøtte vil ikke bli behandlet før rapporten er innlevert.
Norsk Fotografisk Fond skal krediteres ved innvilget støtte. Logo lastes ned HER.
Om du trenger vektorversjon av logo, kontakt sekretariatet via epost.
Vi ber om forståelse for at styret ikke har kapasitet til å begrunne avslag på søknader. Grunnet likebehandling av søkere gjøres ingen unntak fra dette.
Utbetaling
For innsendelse av utbetalingsanmodning, kan søkere fylle ut følgende mal HER.
Gå til søknadsportal her: https://soknad.nofofo-fff.no/
Søk om FRIFOND-støtte
Frifond støtter dere som vil gjøre noe gøy dere bor! Her kan du sjekke om Frifond kan støtte prosjektet deres.
Hva vil du søke om støtte til?
- Lage eller fremføre musikk
- Danse
- Lage teater
- Lage film eller magasin
- Lage et arrangement
- Bygge noe i nærområdet
- m.m
Søknadsfrist: Løpende


