Frist: 31. august 2026
Søk nå

Kunstprosjektet NåDa Hareid

Open Call
31. august 2026 📍 Hareid Fysisk Hareid Kunstlag
Beskrivelse
Er du mellom 15 og 19 år? Bli med på NåDa!
Har du lyst til å vere med på eit spennande kunstprosjekt der du får utforske Hareid på ein heilt ny måte?
Saman med kunstnar Cecilie Hole skal vi utforske Hareidsvassdraget gjennom kunst. Over seks samlingar får du vere med på heile prosessen – frå idé til ferdig kunstverk.
✨ Det er heilt gratis å delta, og du treng ikkje kunne teikne eller male. Det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å skape noko saman med andre.
💬 «For meg er denne elva ein av dei vakraste stadane i Hareid. Eg håper prosjektet kan skape ei form for tilhøyrsle og relasjon til området for dei ungdommane som er med, slik at dei får lyst til å ta vare på det vidare.»
– Cecilie Lid Hole
Dette er ei unik moglegheit til å vere med i eit nasjonalt kunstprosjekt, bli kjent med nye menneske og skape kunst som tek utgangspunkt i historia og naturen rundt oss.
👉 Ta med ein ven og bli med! Plassane er avgrensa, så meld deg på i via linken dag – vi gler oss til å møte dykk!
Frist 31. august 2026
Søk nå

Send tilbakemelding

Dette kontaktskjemaet er bare tilgjengelig for innloggede brukere.



Privacy Preference Center