Vi søkjer kunstnar til utsmykking av vegg
Vi søkjer kunstnar til å utforme og realisere eit kunstverk som skal pryde neste flate på Norturaveggen i Sogndal. Veggen skal bidra til å skape ein stadsidentitet der alle føler seg velkomne, og kunsten skal inspirere til refleksjon over korleis vi ønskjer at samfunnet vårt skal vere.
Veggen som skal utsmykkast er i betong, og er cirka 4 meter bred og 8 meter høg. Materiale og teknikk skal vere tilpassa langvarig eksponering av ymse vêr. Kunstverket skal ikkje vere til hinder for tilkomst eller dagleg bruk av området. Kunstbygda Balestrand AS bistår med praktisk tilretteleggjing under gjennomføring.
OmgivnadenVerka står nært til Osenbrui som vert opna i 2021, og minnesmerket til Arve Beheim Karlsen som blei avduka i 2024. Området er ein fin plass for gåturer og rekreasjon, men brukes òg i undervisningssamanheng.
Kven kan søkje?Vi inviterer profesjonelle kunstnarar, nyetablerte kunstnarar eller kunstnargrupper frå heile landet til å melde sin interesse. Erfaring med offentlege kunstprosjekt er ein fordel, men ikkje eit krav.
Krav til søknadSend inn følgjande:
1. Omtale av deg som kunstnar (ditt virke og foretrukken teknikk) og beskriving eller enkel skisse av idéen for kunstverket.
2. Budsjett og framgang:
– Eit førebels estimat over kunstnarhonorar (opp til 100.000,-) for dette prosjektet.
– Korleis du ser for deg gjennomføring.
– Gjerne nokre ord om andre utgifter knytt til planlegging/ produksjon/reise. Dersom du tenkjer å nytte anna materiale enn måling ønskjer vi å høyre om det.
Korleis søkje?Send inn søknaden til post@kunstbygda.no med emnefeltet: “Søknad Norturaveggen 2026”. Dersom du har spørsmål, ta kontakt via e-post.
UtveljingsprosessVi vil invitere inntil ti søkjere til å vidareutvikle/ ferdigstille skissa si, med frist 8. april. Desse mottar eit honorar på 2 500 kroner før endeleg utveljing av kunstnaren som får oppdraget.
Sogndal kommune har eit eige kunstråd som, i samråd med Kunstbygda Balestrand AS, vil vurdere søknadene basert på kunstnarleg kvalitet, tematikk, og gjennomføringsevne innanfor prosjektrammer og økonomi.
Oppdragsgivar: Kunstbygda Balestrand AS og Sogndal Kommune
For å søke på dette prosjektet, send e-post med detaljene dine til post@kunstbygda.no.

